Vik lokalhistoriske arkiv
Nyheitsbrev mai 2010 PDF Skriv ut E-post
torsdag 06. mai 2010 11:14

I 2010 arbeider Arne Inge Sæbø i 15% stilling ved arkivet, resten av tidi er han lærar ved Flatbygdi skule. Rune Lee arbeider ei tid framover i full stilling ved arkivet.

Ein del arkivmateriale er levert opp frå kommunehuset, det gjeld mest materiale frå jordbruks- og skogbruksetaten. Det same gjeld teikningar innan landbruket (m.a. driftsbygningar) og kart. Alt dette har Rune Lee registrert og ført på lister.

Det har og komme inn ein del privatarkiv dei to siste åri, bl. a. brevsamling etter konsentrasjonsleirfangen Olav Skjerven, brevsamling og anna etter fargar Andreas Jensen, foto og nokre dokument etter Jens Svendsen og rekneskapsvedlegg etter Thorsens Notlag. Alle desse og andre er ordna og ført på lister.

Det kjem ein del førespurnader til arkivet om slekt, både frå nordmenn og amerikanarar. Desse kjem pr brev, e-post eller telefon. Det er og nokre elevar og studentar som ynskjer hjelp til å finna stoff til skriving av oppgåver.  

Det går og ein del tid til å finna og skaffa stoff til artiklar i Pridlao. Til det arbeidet er arkivet nyttig for å finna opplysningar.

Arkivet har planar om å gje ut eit hefte om utløer i Vik kommune. Arbeidet med å samla opplysningar, fotografera og kartfesta utløene pågår i 2010. Liv og Arvid Engan er og med på dette arbeidet. Planen er å gje ut heftet i 2011. Fresvik er ferdig med dette prosjektet og har laga hefte. Dei registrerte 100 utløer.

Til jul 2009 gav arkivet ut to bøker. 3. opplag av "Segner frå Vik" kom ut, og i siste utgåva var det med ein del nye segner. Så kom boki "Langs veglause strender" av Arne Inge Sæbø ut. Denne boki tek føre seg den vestlegaste delen av Vik kommune, dei veglause grendene Ortnevik, Hustavenes, Geithus, Finnen, Finnabotnen, Vollavik, Kyrkjeteigen, Sylvarnes, Hanekam, Bjørkeviki, Stavedal, Vetlesand og Alrek, i tillegg Nybø, Kroksnes og Ortnevik i Høyanger kommune. Boki var gjeve ut av Skald forlag og Vik Lokalhistoriske Arkiv, ho er utseld frå forlaget, men arkivet har enno att eksemplar for sal.

Arkivet er og med og arrangerer Sundagsseminaret i lag med historielaget. Samlingane vert halde i vestibylen i Vikjahalli to-tre gonger pr halvår. Ein tek føre seg lokalhistoriske emne som utvandring, stadnamn, vikjamålet osv. Oppmøtet er på det jamne på 60-70 personar.     

 
Nyheitsbrev nov 2008 PDF Skriv ut E-post
torsdag 13. november 2008 21:14

Hausten 2008 har vore litt prega av at Rune Lee no arbeider på kommunehuset. Arkivet er dermed berre ope når arkivleiaren ikkje har undervisning på skulen, dvs dei fleste dagar berre etter kl 1400. Men tysdag er der ope etter kl 1130.

Rune Lee har vore litt innom og har sortert nokre kommunale arkiv, bl.a. frå skogsbruksetaten. Elles er å nemna at ein oversikt over kva privatarkiv som finst ved Vik Lokalhistoriske Arkiv er lagt ut på nettet.

Siste hånd har vore lagt på Gards- og ættesoga for Vik som kjem ut til jul i samla utgåve. Det vert eit bok på 440 sider og omfattar Vik, Arnafjord med Strendene og Vangsnes. Dei tidlegare fem hefti som er gjeve ut, er vorte utvida og feil er retta opp.

Ein del arbeid har det vore med det nye nummeret av Pridlao som kjem til jul. Bladet innheld som vanleg stoff frå alle deler av kommunen.

Elles har arkivleiaren begynt på hefte om Strendene i Vik. Mange som reiser med "Sylvarnes" har uttrykt ynskje om eit hefte eller ei bok med informasjon og bilete av alle dei stadene ein passerer og er innom mellom Vik og Ortnevik. Målet er å få denne boki ferdig til våren. Sognafoto vil bidra med foto.

Førepurnader om slekt kjem stadig, nokre etterlyser stoff til skriving av artiklar og oppgåver. Det er alltid kjekt å kunna hjelpa sjølv om det kan vera tidkrevjande.  

 

 
Oversikt over arkiv PDF Skriv ut E-post
torsdag 11. september 2008 00:44

Me har laga ein oversikt over alle privatarkiv og lagsarkiv som finst ved Vik Lokalhistoriske Arkiv. Dei fleste av desse er opne for innsyn, men nokre av privatarkivi er ikkje det. Tanken er å gjera desse arkivi søkbare, slik at ein kan sjå kva materiale som er innan kvart arkiv

Her kan du lasta ned lista.

 
Nyheitsbrev april 2008 PDF Skriv ut E-post
mandag 07. april 2008 04:53
På Vik Lokalhistorisk Arkiv arbeider pr. april 2008 berre Arne Inge Sæbø i 20 % stilling. Rune Lee som har arbeidd ved arkivet dei siste to-tre åri, arbeider no på kommunehuset. Dette fører til at det er verre å treffa folk på arkivet. Arne Inge har varierande arbeidstid, justert etter timane ved Flatbygdi skule. Arne Inge har ikkje undervisning på måndagar, den dagen er han heilde tidi på arkivet.

Revidering av alle bindi av Gards- og ættesoge for Vik er no i sluttfasen. Det er framleis meiningi at Gards- og ættesoga som har komme uti fem hefte, vil koma ut samla som innbundi bok til jul 2008. Dette må godkjennast av Utvalet for skule og oppvekst.  
Elles planlegg arkivet utgjeving av nye bøker, og det som me no arbeider med er å få gitt ut ei bok om Hove steinkyrkje. Det har vore mykje fokus på kyrkja i samband med bygging av fellesfjøs ved kyrkja. Arkeolog Alf Tore Hommedal har sagt seg villig til å skriva boki. Han arbeider ved NIKU i Bergen, mor hans er frå Vik og han har feriehus på Vikøyri. Arbeidet er i gong.

Arkivet samlar og inn stoff som vert nytta i Pridlao som Vik Historielag gir ut. Det kom eit nummer til påske, og neste nr kjem til jul, det vert blad nr 64. Det vil seia at ein har publisert ca 5000 sider med lokalhistorisk stoff om Vik kommune. I kvart nummer er alle bygdene representerte. Ein har vore innom svært mange tema, og det er vorte vanskelegare enn før å skaffa stoff. Men ved å nytta stoff frå gamle avisårgangar er Pridlao sikra stoff i mange år enno.

Dei tre siste åri har det vorte flytta svært mykje arkivmateriale frå kommunehuset og opp til arkivmagasinet ved Vik Lokalhistoriske Arkiv. Rune Lee har gått gjennom materialet og har laga arkivoversikter. Dette gjer det mykje lettare å finna fram stoff, noko kommunetilsette ofte har stor nytte av. Men dette arbeidet er nesten fullført.

Arkivet har 234 privatarkiv etter personar, lag og bedrifter. Desse arkivi har så langt berre vore førte manuelt, men no er desse dataregistrerte og vil truleg denne våren bli lagde ut på nettet. Det vil då bli høve til å sjå kva me har av møtebøker, lagsaviser, korrespondanse, rekneskap og anna etter t.d. Vik ungdomslag.

Fylkesarkivet har laga ein oversikt over det eldste kommunearkivet i ein katalog. Men ein del materiale er komme inn etter den tid, ikkje minst frå skulane. Denne katalogen burde vore ajourført, men dette er eit arbeid som førebels må venta.

Arkivet handsamar og ein god del førespurnader. Det gjeld slektsopplysningar, stoff til oppgåveskriving, bestillingar og anna.
Arkivleiar Arne Inge Sæbø
 
Nyheitsbrev oktober 2007 PDF Skriv ut E-post
tirsdag 16. oktober 2007 09:15

På Vik Lokalhistorisk Arkiv arbeider pr. oktober 2007 Arne Inge Sæbø i 20 % stilling og Rune Lee i 80 % stilling. Rune er ved arkivet kvar dag, men arbeider i periodar og på kommunehuset. Arne Inge har varierande arbeidstid, justert etter timane ved Flatbygdi skule. Gudmund Balvoll held på med revidering av alle bindi av Gards- og ættesoge for Vik. Mykje av arbeidstidi til Rune Lee har gått med til å hjelpa Balvoll med dette arbeidet, men no er arbeidet så å seia fullført. Gards- og ættesoga som har komme uti fem hefte, vil koma ut samla som innbundi bok til jul 2008.

Elles planlegg arkivet utgjeving av nye bøker, og det som me no arbeider med er å få gitt ut ei bok om Hove steinkyrkje. Det har vore mykje fokus på kyrkja i samband med bygging av fellesfjøs ved kyrkja. Arkeolog Alf Tore Hommedal har sagt seg villig til å skriva boki. Han arbeider ved NIKU i Bergen, mor hans er frå Vik og han har feriehus på Vikøyri. Arbeidet er i gong. Men problemet er å få finansiert ei slik bok som bør vera rikt illustrert.

Arkivet samlar og inn stoff som vert nytta i Pridlao som Vik Historielag gir ut. Nytt nr av Pridlao kjem til jul, og det er blad nr 63. Det vil seia at ein nærmar seg 5000 sider med lokalhistorisk stoff om Vik kommune. I kvart nummer er alle bygdene representerte. Ein har vore innom svært mange tema, og det er vorte vanskelegare enn før å skaffa stoff. Men ved å nytta stoff frå gamle avisårgangar er Pridlao sikra stoff i mange år enno.

I 2005 vart det flytta svært mykje arkivmateriale frå kommunehuset og opp til arkivmagasinet ved Vik Lokalhistoriske Arkiv. Rune Lee har gått gjennom materialet og har laga arkivoversikter. Dette gjer det mykje lettare å finna fram stoff, noko kommunetilsette ofte har stor nytte av. Men dette arbeidet er nesten fullført.

Arkivet har 234 privatarkiv etter personar, lag og bedrifter. Desse arkivi har så langt berre vore førte manuelt, men no er desse dataregistrerte og vil om nokre veker bli lagde ut på nettet. Det vil då bli høve til å sjå kva me har av møtebøker, lagsaviser, korrepondanse, rekneskap og anna etter t.d. Vik ungdomslag.

Fylkesarkivet har laga ein oversikt over det eldste kommunearkivet i ein katalog. Men ein del materiale er komme inn etter den tid, ikkje minst frå skulane. Denne katalogen må difor ajourførast, og dette håpar me å koma i gong med i vinter.

I sommar og haust har det som vanleg er, vore ein del amerikanarar innom som har slektsaner i Vik. Ofte veit dei mykje om forfedrane sine, men er interessert i fleire opplysningar, om det finst att slekt i Vik og dei vil sjå kvar forfedrane kom frå.

Arkivet handsamar og ein god del førespurnader. Det gjeld slektsopplysningar, stoff til oppgåveskriving, bestillingar og anna.

Arkivleiar Arne Inge Sæbø